Bilen det er snakk om er ein grå BMW 320, opplyser politiet til Sørnett i dag.
Dei fekk melding om tjuveriet i dag klokka 10.42. Bilen vart truleg stolen i natt mellom klokka 00.00 og 07.00.
Fleire innbrot
Det var innbrot symjehallen i Kristiansand i går kveld mellom klokka 20.00 og 23.00. Ti garderobeskap var brotne opp men politiet veit endå ikkje kva som er stole.
Også treningssenteret God Trivsel i Vågsbygd vart utsett for innbrot i natt. Det er framleis uklart kva som manglar, fortel politiet.